Til arrangementer

Uværet i Vesterisen i 1952

Litteratur og fortelling
Voksne
Ungdom

Johannes Alme forteller om tragedien i Vesterisen som krevde 79 menneskeliv.

Kart, skuter, mann
Kart, skuter, mann
Kart, skuter, mann

Arrangementet krever billett

Dato

tor 5. oktober 2023

Tid

18:00 - 19:30

Sted

Meieriet bibliotek - Storsalen

Kjøp billett

Vi er kjempeglad for å få besøk av Johannes Alme fra Brandal på Sunnmøre. Dette er et foredrag som er verdt å få med seg.

Johannes sier;

I 1952 drog 53 norske ishavsskuter med omlag 900 mann til Vesterisen for å drive selfangst.

Frå Nordland var det tre skuter som tok del i Vesterisefangsten i 1952, det var "Jan Magnus" - Stamsund, "Askeladd I" - (Angelsen) Borge og "Henningsvær" Vågan. Dei tre skutene hadde eit mannskap på 17, 13 og 14, til saman 44 mann.

Fangststart var 24. mars.

Når ein kom inn mot påska låg seks av ishavsskutene mellom Jan Mayen og Island. Det kom eit kraftig uver, storm og orkan, og fem av disse skulle forsvinne sporlaust i havet samen med eit mannskap på 78.To av skutene var frå Sunnmøre, tre frå Troms. I tillegg forsvann ein mann frå den sjette skuta som berga seg inn til Island. Totalt kravde denne katastrofen 79 menneske.

I starten på foredraget tek Johannes ei runde generelt om isforhold, vind og vær i Vesterisen på 50-talet.

Vidare litt om optimismen i selfangsten etter krigen, vidare inn på forholda rundt 1952-sesongen, forventingar og spenning.

Så til uveret - storm, kulde, vind, ising osv. Korleis var forholda i vest og aust (nord og sør) i Vesterisen, kvar skutene låg når uveret kom, om forsøk på radiokontakt og om uroa som oppstod når det ikkje kom svar på anrop.

Vidare fortel han litt om leiteaksjonen og om heimkomsten for skutene som kom seg gjennom uveret, og seier nokre ord om moglege årsaker til forlisa.

Han avrunda med å syne bildar som illustrerer det han har prata om.

Til sist vert det moglegheiter for spørsmål / kommentar.

Johannes Alme er 54 år og kjem frå ishavsbygda Brandal på Sunnmøre. Han har sjølv vore på selfangst, men kallar seg 98% landkrabbe. Han har samla og skrive mykje om hendingar i ishavet, både artiklar og bøker, og etter kvart ein mykje nytta foredragshaldar.

Relatert litteratur

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Vestvågøy kommune
Ansvarlig redaktør: Ancha Wesnes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content